Sommarjobb på «Grønten»

I den hektiske bærsesongen treng vi mange dyktige og arbeidsvillige arbeidarar – både produksjonsmedarbeidarar og varebil- og lastebilsjåførar.

Varierte jobbar på Valldal Grønt

Vi treng sesongarbeidarar til mottaket, til innfrysing av bær og til arbeid på lageret. Vi treng også lastebilsjåførar som hentar inn bær frå produsentane til anlegget, og ein varebilsjåfør til å distribuere bær til kundane våre på Sunnmøre.

Kvalifikasjonar og søknader

Sesongarbeidarane må vere over 16 år.
Lastebilsjåførane må ha godkjent førarkort og yrkessjåførbevis.
Varebilsjåføren må ha førarkort klasse B.

Har du spørsmål? Kontakt dagleg leiar Harald E. Valle på telefon 416 68 749.