Produsentane

Når «heile bygda dyrkar bær», får vi samla mykje kunnskap om og erfaring med ein hektisk produksjon på ein liten stad. I dag leverer eit tjuetals produsentar vedunderleg søte bær og fersk frukt og grønt til mottaket nede ved Norddalsfjorden.

Produksjonen av frukt og bær

Valldal og bygdene rundt har gjennom fleire generasjonar vore eit sentrum for bærproduksjonen i fylket. Tradisjonelt har dei levert om lag halvparten av den norske bæra som går til industriproduksjon av syltetøy, saft og is her i landet.
Sidan frilandsproduksjon av bær er avhengig av vêret, varierer avlingane frå år til år. På det meste har produsentane levert inn 800 tonn jordbær til mottaket ved fjorden.

Medeigarar

Dei fleste av dei lokale produsentane som leverer frukt og grønt til oss, er medeigarar i Valldal Grønt AS. Jordbær er hovudproduktet, men dei seinare åra har dei produsert stadig meir bringebær, i tillegg til morellar, plommer, eple, kålrot og poteter.
Plommene, morellane og epla blir dyrka i fruktgrenda Linge.