Om Oss

Gode råvarer skal behandlast skikkeleg. I det moderne bærmottaket ved fjorden blir nyplukka jordbær og bringebær singelfrosen og pakka etter strenge kvalitetskriterium, mens dagsfersk konsumbær raskt blir køyrd ut til kundane i distriktet.

Produksjonen

Det er hektisk aktivitet på mottaket i sommarsesongen. Frå juni femdoblar vi talet på tilsette som handterer dei mange hundre tonna med jordbær og bringebær som blir hausta inn på gardane. I gode år kan så mykje som 800 tonn jordbær og 100 tonn bringebær vere innom anlegget. Seinare i sesongen står morellar, plommer og eple, kålrot og poteter for tur.

Vi leverer til

Vi set vår ære i å levere verdas beste ferske jordbær og bringebær til kundane våre i sesongen – den ekte smaken av sommar.

I tillegg leverer vi store mengder frosen bær til norske produsentar av blant anna saft, syltetøy og iskrem som ønskjer å nytte gode, norske råvarer i produkta sine.