Om Valldal

Den grøderike landbruksbygda Valldal ligg mellom Trollstigen og Geirangerfjorden på Nordvestlandet.
Vêrtilhøva og jordsmonnet her gir eit uvanleg godt vekstgrunnlag for jordbær, bringebær, frukt og grønt.

Jordbærbygda Valldal

Sommaren er hektisk i Valldal og bygdene rundt. Ikkje berre er området populært for friluftsfolk, hyttefolk og turistar, men bygda er fylt av sesongarbeidarar frå mange kantar av verda – i hovudsak frå Polen og dei baltiske landa.

Dei rundt 500 utanlandske arbeidarane er verdifull arbeidskraft og er med på å gi bygdene særpreg – og sterke band er knytte mellom sesongarbeidarane og folk her.

Det gode klimaet

Valldal ligg ved Storfjorden inst inne på Sunnmøre, mellom høge fjell som skjermar mot det våte og ville kystklimaet på Nordvestlandet. Det stabile klimaet med varme somrar og snørike vintrar eignar seg godt for produksjonen av bær. Dei solvende bakkane på Linge er perfekte for gode avlingar av morellar, eple og plommer.