Valldal Grønt AS
Det beste av bær, frukt og grønt frå lokale produsentar.
Valldal Grønt tek imot, behandlar, distribuerer og sel vidare sunne og gode bær, frukter og grønsaker for eigarane sine: lokale bønder i bygdene Valldal, Norddal og Stordal i Fjord kommune på Sunnmøre.
Ferske sesongvarer


For 2026-sesongen vil det ikkje vere mogleg å bestille bær via nettbutikken. For førehandsbestilling må du no ta direkte kontakt med produsentane (søk gjerne på Facebook eller Google).
Du kan framleis stikke innom Valldal Grønt AS for å kjøpe bær så langt lageret rekk, men sidan vi ikkje tek imot bestillingar kan vi diverre ikkje garantere at vi har bær inne til kvar tid.
Bær i verdsklasse

Eg blei forelska i bær frå Valldal etter at eg fekk smake dei på ei messe i Oslo. Dette er dei nydelegaste bæra eg har smakt! Dei smakar sjølvsagt best rett frå åkeren, men i Valldal kan dei kunsten å fryse dei inn slik at dei tek vare på mest mogleg av den gode smaken.


