I meir enn hundre år har Valldal og bygdene rundt vore sentrum for bær- og fruktdyrking på Sunnmøre. Valldal Grønt As er mottak for bær, frukt og grønsaker, der jordbær er den største kulturen.

Vi har eit moderne innfrysingsanlegg for bær. Selskapet er eigd av produsentane. Omsetninga har dei siste åra lege på rundt 20 mil- lionar kroner. I tillegg til dagleg leiar har vi éin tilsett på heilårsbasis. Om sommaren jobbar mellom 10 og 15 sesongarbeidarar her for å handtere produkta vi får inn frå produsentane.

Vi søkjer dagleg leiar

i 100 prosent stilling

Vi ønskjer ein person med allsidig kompetanse som:

  • kan arbeide sjølvstendig
  • har økonomisk innsikt
  • har interesse for og kjennskap til landbruksproduksjon
  • har gode kommunikasjonsevner
  • har kunnskap om marknadsføring og merkevarebygging
  • gjerne har erfaring frå bedriftsleiing, organisering, logistikk og prosjektarbeid
  • kan jobbe med digitale verktøy

Stillinga gir gode høve til å vere med og utvikle bedrifta og jobbe med nye strategiar i tett samarbeid med eit aktivt styre. Styrking av samhald og framtidstru i produsentmiljøet er ei viktig oppgåve. Auka mottak av bær, frukt og grønsaker er ei målsetjing. Løn etter avtale. Kontorstad er Valldal.

For fleire opplysningar ta kontakt med styreleiar Jan Ole Fuglem på telefon 414 31 663.

Send søknad til firmapost@valldal.com innan 10. desember 2021.